Sandviks samling

Kjell Ivar Sandvik: Dype fall, snublende forstand.
(anmeldt av Øystein Hauge)

Som ein annan Harald Sverdrup kveikjer han i høgre klaffetekst rullingsen sin og enser tilsynelatande ikkje så mykje av det som skjer rundt han. Men berre tilsynelatande. For er det noe denne poeten evner, så er det å sjå. Høyr berre her:

VEI

Alt blir tydeligere når du er borte
åpningen i skogen og lyden av regnet

bølgene som slår opp fra steinene i elva
hvor idiotisk lykkelig du var da du gikk
som om du hadde funnet en vei ut
av forstanden

(Diktboka Dype fall, snublende forstand, Kvalshaug Forlag, 2014).

 
Skulle du vere blant dei som trudde diktarar på jakt etter den gode metaforen var ein saga blott vil eg pent be deg bla opp på nærmast kva side som helst i Kjell Ivar Sandviks samling Dype fall, snublende forstand og der finne sterke, språklege uttrykk nytta i overført tyding som ikkje står noe tilbake for verken Arnulf Øverlands barbeinte jente (”gresset kysser hennes føtter”) eller la oss seie ein Rolf Jacobsen når han i ”skrivemaskinenes stormvær i rommet” syner oss noe mykje større enn det du finn mellom kontorets fire veggar. Det handler hos dei alle tre om dette opplagte (men også vanskelege): Comparatio!

No er det ikkje tilfeldig at eg kjem trekkande med forlengst avlidne diktarar (men også med to av våre største) når eg skal seie noe om den rike metaforbruken i ”Dype fall.”. Det er rett og slett noe befriande gammaldagsultramoderne (om det er noe som heiter det, og det er det jo ikkje) ved metaforbruken i samlinga til denne poeten. Poeten som meir enn våger å kaste litterære blikk over til dei som har gått stien før han. Om det er det som skal til for å skrive fram det gode diktet.

Fleire av dikta til Kjell Ivar Sandvik dessutan nærmast roper etter å bli lesne høgt. Ei evne poetar (som har for vane å hente opp av fantasiens djubde dei aller beste bileta) gjerne har; evna til å utløyse eit krav frå oss lesarar om at noen må lese diktet høgt for oss! Høgt for alle å høyre! Det handler sjølsagt om gjenkjenning. Om rørsler som veks og blir store. Rørsler vi så gjerne vil andre også skal få del i. Her og no! Saman med oss!

Sandvik står i eine augneblinken fram som ein uvanleg biletrik poet med roperten i eina handa, for i neste å dempe det heile ned med t.d. bilete av skog og spindelvev. Han har levd med Bob Dylan gjennom store delar av sitt vaksne liv (som m.a. omsetjar). Og slik vi kan lytte oss fram til the longing i backlist hos Dylan, kan ”Dype fall, snublende forstand” også lesast som ei lærebok i korleis lengte. Så absurd det måtte høyrast ut. Som om vi skulle trenge ei lærebok i det å lengte.

For denne poeten er det berre å skrive i vei (skal han rekke minimursteinen ”De Sandvikske Samlinger» (Kvalshaug Forlag, 2040).