Ordliste

«Lars Saabye Christensen, Anne B. Ragde, Torgrim Eggen, May Grethe Lerum, Tom Egeland og Øystein Hauge har alle det til felles at de er med i antologien «Ord for ord» som sist uke kom ut på Gyldendal Norsk Forlag (…) Det beste i denne antologien er aldeles utmerket. Og på den absolutte topp hva humor angår, troner Øystein Hauge».
TERJE STEMLAND, AFTENPOSTEN

Øystein Hauges reviderte, uillustrerte og ikkje-autoriserte
NY  NYNORSK  ORDLISTE

bantra [banneord som opptrer så ofte hos ein person at tilhøyrarane lurer på om dei er vitne til ei meditasjonsøkt]

basaltenopran [ein type (ikkje heilt rein) sangstemme som  befinn seg ein eller annan stad i spennet mellom bass, alt, tenor og sopran]

basul [refrenget i salmevers som ligg så høgt at du er nøydd til å gå ned ein oktov for å greie henge med]

begne [å skrive namnet til kjærasten i snøen ved å slå lens]

bemle [å snakke med seg sjølv med mat i munnen]

biblumi [overdriven lesing av bøker]

bison [ein son utanfor ekteskapet]

bjeffebiff  [vanleg kjøtmiddag i Kina]

blygge [å blåse på blyantspissen etter å ha kvessa han]

bomrang [ein boomerang som ikkje fungerer heilt]

bonade [ein bonde som drøymer han var nomade]

brekkspel [type instrument som noen gonger kan ha den verknaden at dei som høyrer på må ut av danselokalet for å spy]

casabossanova [ein dans alle skjørtejegarar med respekt for seg sjølv alltid har inne]

capre logos [feilsiterte latinske ordspråk]

Clausthalerfobi [ei sjukeleg frykt for å få noe i glaset med alkoholprosent under 3]

dazz [toalettet heime hos ein jazzmusikar]

«Dei heilt grøne kristne» [nytt politisk parti i Noreg som består av avhopparar frå «De grønne» og «De kristne» og som har det til felles at dei alle er nyfrelste]

deadikasjon [dedikasjonar i svarteboka]

demonkrati [eit samfunn styrt av berre småjævlar]

desperanto [språket dei snakker dei få som framleis trur esperanto vil bli det nye, store verdsspråket]

dialektikar [ein som har store vanskar med å forstå alle former for dialekt]

dildorado [supermarknad med berre sexleiketøy]

diskremering [kremering på hemmeleg stad]

Duchampo [dusjsåpe som lukter piss]

ducketeatret [teaterscene i Andeby]

dysleksikon [sjå lydfila som burde ha vore her]

eggedosisere [dele eggedosisen likt mellom alle som vil ha]

floudini [samling av fluer som har kome seg inn i kuppelen på taklampa utan at det fysisk sett skal kunne la seg gjere]

fordøyelsespark [den delen av festivalen der dei grøne mobile plasttoaletta er å finne i hopetall]

frekkvisitt [blautkaker som vert kasta i ansiktet på hovudrolleinnehavaren i gamle svart/kvitt-filmar]

frimurarlosji [når kona til ein frimurar overnattar hos ein annan frimurar]

frøgge [å snakke stygt om andre i søvne]

furtehage [den delen av hagen som eigner seg godt til furting for vaksne folk  gøyme seg vekk til furtinga er over]

galibi [å ha galibi vil seie å kunne ha bevis for å ha vore utilrekneleg i gjerningsaugneblinken]

Gerdasjøen [den lille dammen i hagen til tante Gerda som har  to svaner i plast og ein liten raud silhuett av ei lita jente med paraply rundt seg]

gestipist [gestikulerande gestapo-statistar i norsk svart/kvitt-krigsfilmar produserte tidleg på femtitalet]

gneldrebølgja [i den augneblinken dei første sekstiåttarane er hamna på aldersheim vil du ikkje trenge noen vidare forklaring på omgrepet ]

gondomere [å elske med kondom i ein gondol]

gralle [å gå til ein nabo for å låne koppen, og så til den neste for å be om sukkeret]

grenske [svenske som bur like ved norskegrensa]

grimasete [masete ungar som gjer grimaser samtidig som dei maser]

grønsåpeopera [dramaserie på fjernsyn der all produktplassering består av økologisk dyrka grønsaker]

halmstråmenn [finansakrobatanes hjelpemenn like før dei sit i saksa]

haltarvin [altarvinen presten har gøymt til seg sjølv inst i skåpen i sakristiet og som han alltid får dette merkelege, haltande ganglaget av]

herbariumbrød [flatbrød]

Hermelatura Rasa [meterhøge pyramidar av hermetikkboksar du berre finn i supermarknadene i teikneseriane]

hermeteikning [legge smørpapir over donaldbladet før du set i gang å teikne for slik lettare å kunne matche Carl Barks]

hermetikkhermeneutikk [runden ein boksopnar skal gå i hermetikkboksen, og som kan starte kor som helst i boksen]

hofpoet [ein lyrikar frå Hof i Vestfold]

honnørballett [ballettmatiné putta på plakaten eine og aleine av omsyn til pensjonistane]

horisondere [vakne frå ein hel*$#!!s fest og så freiste finne kva som er opp/ned her i verda]

Instagramofonplate [nedlastbar vinyl]

jaffe [å ta pause under skituren i påskefjellet]

jeksle [å skifte vatn i gebissglaset på nattbordet]

jordjafsing [eit anna ord for ekspropriering]

jordombeiling [å ha elska i alle verdsdelane]

julbærblad [laurbærbladet i juleansjosen]

juleskare [synonymt: sprø svor på snøen]

jøbbel [den type applaus som alle veit er gitt av berre rein høfligheit]

kaligrafitti [kaligrafi utført på ein heller heslig måte]

karme [den fasen under sjukdom der det er vanskeleg å vite om det er hetetokter eller kuldegysningar ein har]

kjønnsorganist [kyrkjeorganist kjønnskvotert til stillinga]

klazz [den som først begynner å klappe midt under eit nummer i ein jazzkonsert utan at andre heilt skjøner kvifor han begynte å klappe akkurat der]

klikktoris [venstre eller høgre trykkfelt på datamusa]

klome [ortografisk visualisering av sjølve ordet klone]

kneskåle [å drikke åleine og så skåle mot kneet sitt]

kolonialtida [tida du hadde sommarjobb på butikk]

kondomnere [vrake ein kondom som har lagt litt lenge utan å bli brukt]

konferansel [ryggsekkane menn kledd i dress og slips kjem halsande med til møtene og konferansane sine for slik å signalisere at dei er mjuke familiefedre og ikkje eingong i slektskap med menn kledd i dress og slips som med stresskoffertane sine kjem halsande til møtene og konferansane sine]

kontinentkontingent [medlemskapskontigenten til EU]

Krystallkatta [kallenamnet den gamle hankatten til tante Lydia får i det han riv ned den siste krystallvasen hennar]

kvedd [han bak deg under alle klassiske konsertar som nynnar med heile tida – og høgst til An der schönen blauen Donau]

kvitsveis [sveisen til gamle menn med kvitt hår]

latterkrympe [latterkrampa idet ho er i ferd med å avta]

laugarlauget [interesseorganisasjon for nynorskfolk som badar saman]

lementært [når det er heilt opplagt at vegen vil føre ut til havet]

lesberanto [universelt kroppspråk blant lesbiske]

Lesjavú [følelsen av å ha vore på Lesja før, medan det i røynda er første gongen du set beina dine i denne fjellbygda]

levre [å snakke rett frå levra – når levra til han du snakkar om er langt nok unna]

lommekjenningar [to som kjenner kvarandre serleg godt; som har vore i kvarandres lommer meir enn ein gong]

longitt [menneske som bur langs same lengdegrad  på kvar si side av ekvator] (t.d. ein frå Finnmark i høve til ein sør-afrikanar)]

lubb [ein person vi kjenner godt nok til å låne noko av – men for dårleg til å låne noko til]

lunafull [å vere påverka av alkohol – på månen]

løkolor [fargesamansetjinga i veggene i hundre år gamle hus – vegger som aldri ar vore skrapa før overmåling nokon gong]

majestettglas [vinglasa på slottet]

malutere [å sitje heilt, heilt stille og late som om du ikkje er heime når det ringer på døra for femte gongen den kvelden og du veit det står fire snørrungar med nisseluer der ute klar til å synge fire vers av nå-ha-vi-vaska-gølve før dei stikk av garde med all mandarinen og all konfekten du har kjøpt inn til jul]

mandelattest [skriftleg fråsegn frå grautkokaren på kven som lille julaften får den nøtteliknande kjerna i nettopp sin tallerken].

marioghuanna! [når ein maispiperøykjande bigamist tidleg på syttitalet snakker om jentene sine]

marsipanikk [ein form for panikk utløyst av frykta for ikkje å få den siste marsipanbiten]

maskingar [barske menn som alle har det til felles at dei er maskerte – eks. Supermann, Batman eller Edderkoppmannen]

Marylanders [flyvertinner som vekker deg under ei oversjøisk flyrute og ikkje lar deg sove vidare før du har takka skikkeleg nei til to tørre kjeks og ein plastkopp  med frysetørra kaffe]

medi3ere [sitte og fundere over  fordeler og ulemper med private helsetenester v.s. offentlege]

mespe [å geispe med lukka munn]

metafonering [å lese telefonen ringer i ein roman i same augneblinken som telefonen ringer]

metazár [ein som snakkar om å snakke i søvne – i søvne]

midas ludens [alt han rører ved vert til tull]

miniret [eit tårn på knappe meteren eller der omkring]

molosjonere [mosjonere ved å gå heilt til endes på ein lang molo hadde det vore ein slik her i innsjøen]

moltevideo [samtidsfilm som berre inneheld scener frå moltemyrer]

monogamask [farfars gamasker vi finn berre ein av]

monotongami [to som etter tjue års ekteskap framleis lever saman]

morarente [lån opptatt i utanlandske bankar – nærmare bestemt i ein av bankane i den svenske tettstaden Mora – også kjend for den store kniv- og trehestproduksjonen sin]

munnsåra [å bli offer for andres sleivkjeft]

munnviking [ein viking som berre er stygg i kjeften]

narkolepsinsomnia [liding hos dei som om morgonen seier dei ikkje har hatt blund på auget gjennom heile natt medan det i røynda var dei som somna først, snorka mest og vakna sist]

narsizist [nazistiske narsisistar]

NAV-karbo [ein type nulldiett du er tvungen til å gå på dei første vekene (noen gonger månadane) medan saka di er til handsamling i den offentlege arbeids- og velferdstenesta]

navlere [fingerrørslene til ein som skal ha fram lodotten som har samla seg i navlen dei siste dagane]

nestropol [den nest største byen i eit land]

nipsvin [gamle flasker matheusvin dekka av blå og kvit stearin som gjorde teneste som dekorasjon på studenthyblar midt på syttitallet]

nome [å gå i galleri med det for auge å gje bileta med tittelen utan tittel skikkelege namn – vanlegvis utført av pensjonerte norsklærarar med alpelue]

nuker [klespokerspel blant nudistar som starter med at alle sit nakne – og der den som først sit fullt påkledd har tapt]

nynsje [å stå i dusjen og ikkje heilt komme på noen sang å synge]

oblate som [å framstå som from og fin medan du i røynda er ein råtass]

olisjark [oligarkanes milliardyachtar]

ordskorpa [den overfladiske litteraturen]

pakkereise [temareiser der deltakarane gjennom ei veke lærer seg effektiv pakking for charterreiser]

panoramma [ramma til eit panoramabilete]

parasolltoll [avgift du betaler for å legge deg under strandparasollar i syden]

partilederrabatten [det dei trekker frå etter valget; omlag halvparten av det dei lovte]

pilegrimstadreise [kristen sørlending på veg til heimbyen sin]

pupillemisbrukar [ein som flørter hemningslaust utan å meine så mykje med det]

pyromide [ein pyramide etter at han er forsøkt blitt påtent. Også: dei pyramidane som vart bygd for spesielt å huse balsamerte pyromanar]

pessimalt [det optimalt pessimistiske]

poegrafi [antologi over biografiske hyllingsdikt poetane skriv til kvarandre]

porre [å ete sveitsarost ved berre å gjere hola større]

prenarsissisme [kjærleiken til seg sjølv ved første blikk]

protonese [polynese under juleavslutningar på eldresenteret der meir enn halvparten av deltakarane har protese]

prutepunktfestival [musikkfestivalar som får artistane sine mykje billigare enn andre festivalar fordi artistane på eit vis er ferdigpruta i utgangspunktet (Staten har allereie tatt halve rekninga)]

puldre [å ha samleie med det meste av kleda på]

pølsevever [når noen trur dei er tynne (som i realiteten er ganske tjukke av seg]

ravvel [samansuriet av merkelappar frå Paris, New York, Stavanger, Amsterdam og Tromsø – festa i handtaket på ein gammal amerikakoffert]

restebud [dagen derpå-samling for dei av naboane som ikkje var inviterte til festen kvelden før]

ruinurinering [pisse i domkyrkjeruiner]

runestein [balla til Rune]

røyksoppvarslar [soppkontrollør som har spesialisert seg på røyksoppar]

salkanar [kannibal som berre et vegetarianarar]

saskral [å gå i kyrkja berre fire gonger i livet;  i eigen dåp, i eigen konfirmasjon, i eige bryllup og i si eiga gravferd]

segmentblandar [dette får næringslivsfolk og politikarar påta seg å forklare]

sepetikk [læra om korleis puste berre gjennom munnen når septiktankane i gata vert tømd]

sjaluppslurken [whiskeyslurken som eg innbiller meg kongen alltid tar før han stig i land ein eller annan stad – frå sjaluppen sin]

skalddyr [hunden til ein norrøn diktar]

skaugum [kvae]

skilsmesse [kyrkjeleg høgtidsstund når ektepar skilst]

slankesmie [eit forum av folk som i det minste har tenkt tanken på at dei ein vakker dag skal slanke seg]

slauk [vaksen mann som aldri går frå bordet utan å ha sleikja middagstallerkenen sin]

slømmel [ein du er i full gang med å kalle ein slyngel, men som du plutseleg ser heller burde ha vore kalla lømmel]

småsurdeigbrød [rundstykker – sjå: gjæra deig basert på startkultur]

snickersadelen [velbeslåtte skigåarar i Nordmarka som plutseleg har fått det for seg at Kvikk Lunch ikkje lenger er fint nok på tur]

snikhyttar [ein som er forbanna på alt og alle og som hyttar med neven mot alt og alle, men berre når han er sikker på at ingen kan sjå han hytte]

snorm [ein som snakkar med seg sjølv i søvne]

snytt [sommarhattar gamle tynne onklar med skjegg og runde briller lager seg i sommarferiane (ved å knyte ein knute i alle fire hjørne av eit lommetørkle)]

solsikkesolslikkarar [folk som ligg under ei solsikke og soler seg]

sporlaus vekking [ei type vekking der folk som lover å vekke deg klokka kvart over seks men som du aldri høyrer eller ser noko som helst til]

statanist [dei i ein okkult film som ikkje har noko replikk å seie]

stekko [ekko i stereo]

strykemusikkrommet [vaskerom m/ radio innstilt på NRK Klassisk]

sukkerspinne [å halde i sykkelstyret berre med eine handa og ha eit digert sukkerspinn i andre (men likevel klare å spinne minst to pedaltråkk etter kvarandre)]

sydkeltisk tosnagikar [dyslektisk agnostikar som står midt mellom tur og vilt]

sølibart [mjølk, brødsmuler e.a. som samler seg i barten når kjerringa ikkje er hjemme og kan seie frå]

Sølvpussgutane [når gutane i huset vert sett til å pusse sølvtøyet lille julaften]

søndagsstrukkatur [lene seg godt til bake og la blikket sveipe over taket i stova ein time eller to, til du somnar av heile greia]

søvndobbeltgjengar [å gå i søvne og så møte ein annan som går i søvne som er lik deg som den andre dråpen vatn]

såpeserie [fire eller fleire såper ligande på eit bord etter kvarandre]

søvngjengargjengar [søvngjengarar når dei opptrer i større grupper, tilsynelatande koordinerte og godt førebudde for dei nattlege fellesturane sine]

tampramp [den enden av snora i hetta på fjellannorakken som alltid gøymer seg inne i hetta ein eller annan stad]

Thousand Island Dresin [ein amfibiedresin som gjer det mogleg å komme seg sånn nokonlunde tørrskodd mellom øyer med utbygd jernbanenett]

trefont [skrifttypen du finn i ord og namn rissa inn i barken i treleggen (som oftast berre rette liner)]

trollkrem [einslags knagg å henge den ikkje namngitte spermaen i Asbjørnsen og Moes Erotiske eventyr ]

trommestikk [når trommeslagaren i eit band stikk vokalisten i ryggen med ei trommestikke fordi denne vokalisten syng falskt og urytmisk]

Trendheim [kallenamn; By nord for Dovre som var moderne den gongen det var moderne med bart]

tungenys [å nyse med tunga stikkande ut av kjeften]

turnnips  [krystallvasar og sølvbeger i premieskåpen i turnaranes klubblokale]

tvilerynker [jfr endringer i ansiktuttrykk som går frå smil til tvil]

tørpus [«sandpapiret» i ei kattetunge]

tåkeluren [somnen til ein sterk berusa person]

umiddelsnart [ikkje heilt med ein gong, for å seie det slik]

utsekt [insekt som berre held seg utandørs]

vialium [medisin som fungerer i høve til begge hovuda]

vininnviing [det første glaset i ein trelitar]

virusse [virus som artar seg slik at spanjolen får den engelske sjuka, medan engelskmannen får spanskesjuka]

visjonærstilling [ulike samleiestillingar som har det til felles at partnarane heile tida har augekontakt]

vladivostokmarknesstadar [byar og stadnamn som ikkje har anna til felles enn at dei heng saman i namnet. Andre døme Hamarseille og Kragerøros]

vujadé [følelsen av å ha skrive ordet feil også ein gong tidligare]

vurmel [ein slange som er redd andre slangar]

wagge [å ha sex i ei gammal folkevogn]

zen-nudisme [sitje naken i lotusstilling på veg mot den totale oppvaking]

zorno [nakenbileta måla av den svenske målaren Anders Zorn]

ærlighetssorg [ei sorg som oppstår når du for seint forstod det hadde vore mykje betre hadde du tatt ei kvit løgn]

(seks av omgrepa i Ny norsk ordliste er sterkt inspirert av Douglas Adams´samling The meaning of Liff)